fredag 30. april 2010

MÅÅÅ berre vise fram den her :D

I går kveld ringte assistenten til eine jenta vår Tuva, Chantal, 
og lurte på om ho kunne komme og levere noke til oss..... 
hmm... ka kunne det være???
Joda Chantal hadde "baka" den mest fantastiske kaka til konfirmasjonen til Caroline!!! 
Kake laga av smågodt!!! 
Tenke det at den kaka kjem til å bli veldig godt mottatt, for vi er nokre godtemumser heile gjengen ;)


Trur nok at det blir den mest originale og morosame kaka vi nokon gong har hatt på eit kakebord!  
Der er nok INGEN andre konfirmanter som har denne kaka!!! :D
TUSEN TUSEN TAKK CHANTAL!!!
Du er heilt fantastisk, både med Tuva vår og til å "bake" kake

Idag blir det nyfødtfotografering og handling av blomster på Mester Grønn.
Ha ein strålande dag, det skal eg ;)


torsdag 29. april 2010

100 000 ting på tapeten!

....no for tida får eg virkelig kjenne at eg LEVER!!!! 
Det blåser liten kuling rundt øyrene mine, både på eine og andre fronten... :)

På søndag er det altså konfirmasjon til mi eldste datter Caroline
i den forbindelse er det no siste innspurt med forberedelsar... 
Eg trur eg/vi har det meste under kontroll, og at dagen vil bli fin!

Sjølv om eg burde sitte kvar einaste dag og redigere bilder til dei som venter i spenning.... 
så trur eg at eg no må ha nokre dager der eg konsentrerer meg om den komande søndagen og lite business. 
Derfor kan det være at mailer ikkje blir besvart med ein gong... 
og noken må vente enda eit par dager før bilda kjem...

Dagens bilder, guttebaby 6 dager

Det er en liten fare for at det ikkje blir så mykje blogging dei neste dagane.... 
men skal aldri sei aldri ;o)

Ha ein strålande ettermiddag  
cecilie

tirsdag 27. april 2010

Studiodag & næringsfond!

...her kommer en kort oppdatering på tampen av en lang og innholdsrik dag!!!
Eg har vore i studio og fått gjort en hel masse idag,
rigget noe utstyr som manglet.... og hatt min aller første nyfødtfotografering i studio!! :)
Kanskje ikkje heilt nyfødt.... men nyfødtstørrelse i alle fall.
Den her guten fekk ein tøff start på livet, når han kjempet seg ut 3 mnd for tidlig!
Mammakjærligheten lyste om kapp med studiolampene idag,
og eg er overbevist om at det skal gå bra med dei!! For noken herlige mennesker!!

Smaksprøve fra shooten får dokke sjølvsagt:


Ellers så fekk eg ei svært god melding utpå ettermiddagen, eg har fått innvilga 40 % av søknadssummen min til Næringsfondet i kommuna!!! HURRRRRAAAA!!!!!!
Det er berre så utruleg flott, det gir meg ein god start med meir og bedre utstyr bl.a.!! 
TUSEN TAKK til dei som har trua på meg!!!

No roper loppekassa på meg.... 6 timer til minsta vil opp igjen :s hadno

mandag 26. april 2010

Søndagen før søndagen...

Igår var det spørjesøndag i kirka, og årets konfirmanter klarte seg utmerket!!
Mange gode og ikkje minst ærlige svar... nokre måtte vi flire godt av!
Eg er ingen fast kirkegjenger, og set kanskje ekstra stor pris på at ein kan ha litt humor i kirka også!
Ein god opplevelse.... (sjølv om Marie, mamma og eg satt på utstilling ved alteret pga full kirke!)
15 min før "tida" var tydligvis ikkje nok ;)
Soknepresten i kirka i Ulsteinvik er også fantastisk morsom, veit ikkje om det er ubevisst eller bevisst...
men vi fikk mang en god latter på "kakefesten" på Hasund Bygdahus!
Den mannen må vere høg på livet, det er det ingen tvil om!! FANTASTISK!
Det vart òg holdt ein veldig interessant tale, fra ein ein utflytta Långevåger, rektor på ein skule i området...
Eg likte veldig godt den delen av talen der han snakka om kor viktig det er å bygge sin egen sterke karakter, ikkje berre gode skulekarakterer, den karakteren som skal sitte i ryggrada på oss alle og som vil følge oss resten av livet!! Kven er du? Kven vil du vere/bli?
Noko anna han la vekt på, som eg syns er svært viktig at ungdommen er obs på, er det å kunne ha eigne meiningar! Våg å gå mot straumen! Stå i mot presset! Vær sterk!

Det er altså mi eldste jente, Caroline, som er konfirmanten i familien. Ho kunne fortelle i går kveld at ho faktisk lytta til talen som vart holdt, og at ho syns den var bra! Og det syns eg var veldig kjekt å høyre, for det var virkelig ein god tale som er verdt å ta med seg vidare for desse flotte ungdomane!!!

Etter festen på bygdahuset, vart det ein tur i studio! :o)
Caroline tok med seg to gode venniner, Ingeborg & Karoline.
Eg trur eg med sikkerheit kan seie at dei hadde det kjekt i studio.... berre sjå her! ;o)


Neste helg er den o`store konfirmasjonsdagen! Vi gleda oss!

lørdag 24. april 2010

Lørdag ♥ kos

Dagen idag starta som frykta før kl 06... Da hadde minsta sovet nok og var klar for mat.
Det tok ikkje lang tid før Tubaluban vår også var våken...
og kom snublande inn på soverommet og drooooog mamman ut av senga! :)
Så vi starta altså lørdagen ganske tidlig her i huset!

Eg veit at eg har nokre kjekke folk der ute som venter og venter og venter
på bilda fra sin fotosession....
og eg jobber så fort eg berre klarer... I promise you!!
Akkurat no held eg på med bilda fra denne herlige lisje guten sin fotosession!


Håper bilda blir verdt ventinga ;)

Vi har akkurat vore ute i vårsola ein tur.
Småjentene, pappsen og meg... herlig med litt vind i håret, både for store og små!
Leikeplassen i byggefeltet har stor disse, sklie og Gråtasstraktor. Så der kosa vi oss ofte!! :)
Kanskje det kjem nokre bilder derfra etterkvart ;) 
No er det badings på gang, før kveldsmat og leggetid kl 19.

....og da fortsetter redigeringa på meg!

p.s. kan kanskje nevne at eg STORKOSER meg når eg redigerer bilda av alle smånurka! :D

Fotostudio i Ulsteinvik sentrum!!!

Glaaaaaaamelding!!! Idag fekk eg nøklane til lokalet (gamle helsestasjoen i Ulsteinvik)
eg så lenge har gått og håpt på at eg skulle få leige!!
Eg har ikkje fått ei endelig avklaring på kva som skal skje med bygget,
men eg får i alle fall være der inn til videre!

Tusen takk Rune Urke, og Ulstein Eigedomsselskap!!

Etter småjentene våra la seg kl 19, stuffa vi bilen full av fotoutstyr og eg susa avgårde for å møte  
verdens snillaste mamma
 i fotostudioet mitt (tenk det da.... mitt fotostudio...)!! *O`lykke*
Mamma vaska og styra medan eg gjorde alt klart til å rigge opp, gira som få...begge to ;)
Lokala er ikkje akkurat er dei nyaste & finaste, men det ligg veldig sentralt til midt i sentrum av Ulsteinvik. Dette er jo også eit lokale som dei fleste med barn kjenner til fra før av! SUPERT mao :o)
Eg har gått rundt med sommerfugler i magen heilt sidan eg fekk den gode nyheita tidligare idag.
Dette blir såååå kanonbra!!

Gleda meg til å kunne ta i mot alle dokke som venter på fotoshoot!!
Det blir.... SNART... håper eg!!! ;)

Eit totalt uredigert bilde fra studioet... i mangel på baby til å putte i korga, vart det ein fruitbasket..... ;)


Oh no... klokka nærmer seg 00:30..... håper ikkje jentene starter morradagen like tidlig som idag (05:35!!!)

Må springe til køys no!!! *sovnermedeitsmilommunnen*

onsdag 21. april 2010

Minsta mi...

Etter eg starta firma... har det vore mykje fotografering av andre babyer, og mindre av mine egne...
Må jo passe på å ikkje ta FOR lite bilder av jentene mine... det blir jo for dumt ;)
uansett så tar eg kanskje over gjennomsnitt med bilder... ;) i alle fall ifølge min bedre halvdel :)
sånn blir det når ein er lidenskaplig interessert i noko!! :o)

Her er i alle fall eit bilde av fantejenta mi Marie, som straks er 8 mnd. Ho er ei herlig lita jente... som no har begynt å vise ein heil del personlighet og temperament. Noko som er både kjekt og utfordrande ;)

Bildet er tatt heime i stova, i naturlig lys.... er langt fra sylskarpt, men eit koselig bilde alikavel! :)
det er kanskje greit å ikkje vere like kritisk til stovebilda, som eg er til bilda eg tek i forbindelse med Lykkeliten Studio ;)


No ropa ho på graut.... så det er vel best å springe!

Ha ein strålande dag alle sammen! :)

Godt sovehjerte ♥

Idag har eg hatt ein fantastisk fin nyfødtfotografering....
(eller igår blir det vel, sidan kl har bikka midnatt...igjen...)
Ein herlig liten krabat på 6 dager, og ein ekte Dimnakorr... for dei som veit kva det er ;)!
Til å spise opp!!!!
Eg får alltid ein slik lykkerus etter nyfødtfotograferingane.
Eg føler meg glad, takknemlig, ydmyk og ...ja.... rett og slett utruleg heldig som får lov til å holde på med dette!

Smakebit fra fotoshooten :   



Gratulerer med dagen tante Janne!! klem fra lille K

søndag 18. april 2010

Riggeriggerigge :o)

I skrivande stund er min bedre halvdel nede i kjellarstova og rigger studio til meg!!! Snillaste!!!
Det kribla i heile meg berre ved tanken på at eg snart skal få teste studioet mitt..
Kjennes nesten ut som eg er nyforelska ... hihi... men det er kanskje ikkje så lurt å seie opp i høgt...
for da vil han kanskje ikkje rigge meir for meg ;) 
Kan vel ikkje skulde på at eg berre er våryr heller, for ute er det lite som minner om vår...
DET LAVER NED!!! Mamma hadde målt 13,5 cm på biltaket sitt tidligere i dag, WHYYYY?????

Eg vil ha vår, NO!!!!!

Eller så kan eg berre drite i ka vèr det er ute,
og kose meg med familien og fotografering innandørs!
Går for den eg!! :) Skal straks ned å "hjelpe" Stian med studiorigging....  for no søv begge småjentene.

Sjekk denne nydelige nyfødtlingen, fra min aller første nyfødtshoot

 

lørdag 17. april 2010

HURRA!!!!!

No har eg fått den etterlengta pakken fra Fotopia, mine kjære studioblitzer!!!! Happyhappyhappy!!!

Gleda meg noke heilt sinnsjukt til å teste ut utstyret!
Eg skal rigge meg til i kjellaren, forhåpentligvis i løpet av helga...Endelig!!! Dette har eg venta lenge på!!! :)

Eg har forresten snakka med han som har ansvaret for bygget eg ønsker å leige lokale i, han kunne fortsatt ikkje gi meg eit endeleg svar.... men i slutten av neste veke trudde han det skulle vere avgjort.
For dei som er lokalkjende i Ulsteinvik, så gjelder det gamlelokala til helsestasjonen. :o)
Han trur at det skal ordne seg, men ville ikkje love noko!
Berre at han er aldri så lite positiv, gir meg i alle fall eit håp!!! ;)

Her er ein liten smakebit fra nyfødtfotograferinga på Stranda :)
 
Ønsker alle sammen ei strålande helg

torsdag 15. april 2010

Hektiske dager...

Døgnet har virkelig ikkje nok timer i døgnet for tida....
Eg klager ikkje, for det skjer saker i Lykkeliten studio, og det er jo fantastisk :)

Fredag (for snart 1 veka sidan!!) reiste eg ned til Oslo,
klar som eit egg for utdrikningslaget til mi gode barndomsvenninne Marit
og ein etterlengta studiodag saman med fantastiske Silje i Drømmefabrikken. 

Med ei sporty, vakker og herlig TingeLinn (min husvert for helga) gravid i 30. veke....
var alt lagt til rette for ein vellykka dag i studio!
Vi var både produktive, morosame, seriøse, barnslige, dansende, mindre seriøse, gira....
rett og slett høge på livet i nokre timar der ja!! :D

Det blir ei stund til neste gong vi møtes i studio, men shiiiiit kor eg gleda meg!!!!

Eg har dessverre ikkje fått tid til å redigere så mange bilder fra denne dagen enda,
men her har du ein liten smakebit ;)


Etter eg kom heim fra Oslo, bar det meir eller mindre rett ut på tur igjen... Denne gangen tok eg med meg minstejenta mi, og drog inn til Stranda (bygda vi flytta fra for 2 år sidan...).
Der har vi både venna og familie, som stiller på med husrom og barnepass.
I løpet av tirsdagen og onsdagen fekk eg tatt 2 gravidfotograferinger + 1 nyfødtfotografering 
(på location) store utfordringer.... men veldig kjekt!! :) 

Eg føler meg virkelig priviligert som får lov til å jobbe med alle desse herlige menneska!!! 
♥ ♥ Både store og små ♥ ♥

Linda 35 veker (klikk på bilda for større bilder)

 Fleire bilder kjem etterkvart.... :o) før det har gått ei heil veke igjen... sorry for deeet ;)




torsdag 8. april 2010

Det vårast!!!

Så herlig det er når våren endelig er her!!!
Minste jenta mi, Marie på 7 mnd, brukar å sove ute i vogna si på dagen,
og idag når eg åpna døra ut til verandaen vart eg møtt av fuglesang!! Fantastisk deilig!!!
Kanskje litt ekstra deilig når ein har vore "innestengt" i snart 14 dagar... pga sjukdom. 

I går kveld vart det litt redigering av bilder.... og mykje svaring av e-post! 
Utruleg kjekt at eg får henvendelsar fra dokke der ute, 
og at dokke er interessert i Lykkeliten Studio!!!

Eg gledar meg ubeskrivelig mykje til å komme igang med fotograferinga! Lista over frivillige modellar veks, og eg er sikker på at eg skal klare å bygge meg ein solid portefølje i løpet av våren! HURRA for alle dokke som vil være med på dette!!!! Dokke e gollj ;)


Søndag skal eg i studio sammen med mi kjære Silje, Drømmefabrikken!!! Gjett om eg gleda meg??!!! 
Det blir vår aller første studiodag sammen, men langt ifra den siste! Vi håpa på å kunne ta på oss mange oppdrag sammen i framtida...
Det blir gravidfotografering av mi gode venninne Linn, som er 30 veker på veg på søndag! 
Åååååå som eg gledar meg!!!! 

......i tillegg så skal eg være dønn ærlig og seie at det skal bli godt med ein liten husmorferie ;) 
Pappa Stian & storesøster Caroline holder fortet, mens mamma drar på vift snillaste

Her er dei 2 bilda eg fekk redigert i går, trykk på bilda for å få dei større ;)

onsdag 7. april 2010

Studioblitzer...

Mellom mating, bleieskift & pleiing av to små sjuke jenter... har eg idag ikkje fått gjort noke særlig anna enn å ta ein telefonsamtale.
Saken er den at eg venter svært utålmodig på studiosettet som eg har bestilt hos Fotopia.no: 2x600Ws + 1x1000Ws Visicoblitzer + softbokser m.m.
Svaret eg fekk derifra var at eg kan håpe på å få dei i slutten av neste veke, men ingen garanti! Aaaaahhh.... har IKKJE lyst å vente lenger!!!!!
Eg kløøør i fingrane, og ville helst ha komt igang med studiofotograferinga i går!!

Fram til eg får tak i eit egna lokale kjem eg til å rigge meg til i kjellaren her heime, ingen drømmesituasjon, men tross alt bedre enn ikkje å få komme i gang!
I tillegg til studiofotograferinga kjem eg også til å ta på meg oppdrag heime hos kunder og/eller på location.


Eg er på ingen måte avhengig av hverken studio eller blitzsettet mitt for å kunne ta på meg nyfødtfotografering, så ta kontakt om du er interessert i gratis fotografering (mot at eg kan bruke bilda til min portefølje)!!!

Babyen bør ikkje vere meir enn 10 dager gammel, så ikkje vær redd for å kontakte meg allerede før nurket har meldt sin ankomst ;) Inkludert i fotograferinga får du ein gratis framkalling i str 13x18, i tillegg kan du sjølvsagt bestille det du måtte ønske ut ifra resultatet av fotograferinga.

...nei no er her 2 rennende naser som sårt trenger tørk.... må springe ;)

Ha ein fin dag!!

tirsdag 6. april 2010

Overvelda...

...eg forstår no at eg kunne berre ha gleda meg til å åpne bloggen min... og trengte ikkje vere nervøs i det heile tatt, slik eg til de grader var!!
TUUUSEN TUUUSEN TAKK for den gode mottagelsen!!
Eg er så utruleg glad for dei gode tilbakemeldingane eg har fått,
frå kjende og ukjende, det betyr svært mykje!!

Eg sovna nok med eit aldri så lite smil om munnen i går.... ;)

Eg har nokre ferdigredigerte bilder fra min 2. nyfødtfotografering,
denne guten var 6 dagar gamal.... og ein draum å jobbe med!


mandag 5. april 2010

9 dager fersk...

Her er nokre bilder fra min aller første nyfødtfotografering. Den nydelige gutten var 9 dager gammel og rett og slett knusedeilig :)
Desse bilda vart tatt med mitt gamle kamera Canon EOS 350D.
No er heldigvis nyekameraet, Canon EOS 50D, på plass og klart til min neste fotoshoot :)

Klikk på bildet for noko større versjon ;)













lørdag 3. april 2010

Marie 6 mnd



Dette bildet er tatt av Marie heime i stova vår, greit å få testa ut bakgrunn & props før eg skulle avgårde på min første fotoshoot ;)
Related Posts with Thumbnails