fredag 24. juni 2011

Lykkeliten Studio | Regionavisa | Bryllupsfotografering

Under ei veke etter at ein av Regionavisa sine medarbeidere googla,
fotograf i Ulsteinvik, 
og slik fant fram til Lykkeliten Studio, har saker skjedd i rekordfart! 
Eg hadde aldri trudd at det skulle vere slik stor interesse for det eg driver med!
Dei likte så godt konseptet og det dei såg og hørte, 
at dei like så godt gav studioet både 
framside + 3 heilsider inne i avisa! 
Heilt fantastisk! :)


Eg var ganske nervøs før avisa kom ut på onsdag, 
er ikkje akkurat vant med slik publisitet!
Denne reportasjon kom altså på trykk, 
med blanda følelsar frå mi side ;)
No når avisa er ute, og tilbakemeldingane tikkar inn... 
er eg berre veldig glad og takknemlig!
Alle dei gode orda, 
gjer det verdt å stikke nasen fram av og til!

TUSEN TUSEN TAKK,
for alle dei flotte tilbakemeldingane!

I helga blir det bryllupsfotografering, bl.a på vakre Herøy Gard!
Som alltid gledar eg meg, men er også veldig spent! :)

God helg til deg og dine!  

 

søndag 12. juni 2011

Bryllupsfotografering | Ulsteinvik

Omsider så kjem det eit nytt blogginnlegg fra denne fronten også... 
Ingen tvil om at eg er ein ekte  
periodeblogger!!! :)

Når det pågår litt for mykje på alle kanter på ein gong, 
resulterer det i lite blogging tydeligvis...
sjølv om det burde vere omvendt! 
Det er jo da eg har mykje å fortelle og vise mine kjære bloggfølgere! ;)

Den siste tida har det vore mykje fokus på bryllupsfotografering.
Ingen tvil om at ein må ha is i magen, for å drive med denne type fotografering!
Du får kun denne eine sjansen, til å ta dei perfekte bilda!!
Ein må ha full fokus på oppgava, og det er lite rom for feiling... 
Utfordringane står i kø... og dei dukker gjerne opp 
når du minst forventer (eller trenger) det!
Der er mange ukontrollerbare faktora 
som spelar ei stor rolle
som feks, det berømte været!

Eg var så "heldig" at eg fekk sol fra blå himmel denne dagen, 
kanskje ikkje akkurat fotografens drøm, men da må ein berre ta steget opp, og takle det!!! ;)

Brudeparet fekk i alle fall draumevèr på dagen sin, og det er jo tross alt det viktigaste! :)

Her er nokre av bilda fra min aller 1. bryllupsfotografering her heime i Ulsteinvik.



Fantastiske mennesker, både store og små!
Eg er utruleg takknemlig for at eg fekk æra av å forevige det skjønne paret!
LYKKE TIL I FRAMTIDA

Related Posts with Thumbnails