Ja no er klokka altså 04:00 og vi (Tuva, mommo & ej) har vore våkne i 1 time...
Location, Åse Pasienthotell.
Tuva sitt i dobbelsenga, ser på Mikke Klubbhus på dvd`en sin og snavla på smågodt.
Litt trøst må ein ha, når ein må stå opp midt på natta!! ;)
Om 4 timer beveger vi oss videre opp til nevrologisk avdeling på Ålesund sjukehus,
der Tuva skal ta ein Søvndeprivert EEG. Ein type Epilepsitest, litt enklere fortalt!
Den innebærer i alle fall at Tuva skal kome dit utrangla, så det er det vi prøva på no ;)
Det blir no spennande å sjå kven av oss som blir trøttast,
har ein mistanke om at det ikkje blir Tubaluban vår! :)
Pasienthotellet er forøvrig heilt supert!
Strålande service, god og barnevennlig mat, freshe rom og berre velstand!
Deilig at vi slepp å ligge på ei avdelig på sjukehuset...
Om ikkje lenge er den nye barneavdeliga i Ålesund ferdig, den blir nok super!
For både helsepersonell, barn og foreldre!
Ein håper sjølvsagt at ein slepp å besøke denne avdeliga,
men skulle det vere nødvendig....
så vil det i alle fall vere hakket meir komfortabelt enn tidligere!
I går var eg den heldigaste, fekk besøk av den samme lille sjarmisen
som var på besøk i studio forrige veke.
Denne gangen var både pappa og mamma med,
og vi fekk tatt mange fine familiebilder + nokre aleine av gòguten.
Vi tok bilder både i studiolys og naturliglys,
ingen tvil om kva eg likar best i alle fall!
Her er to av mine favorittbilder, tatt i .... tadaaaa.....naturliglys :)
No skal eg krype under dyna, og kikke litt tegnefilm saman med Tuva.
Ønska alle ein strålande fredag og ei fantastisk helg!
Puss & kram