fredag 14. januar 2011

2 nye skatter...

Gleda meg greit til dei to SKATTANE her kjem i posten! 
Berre ein liten tur over med ferga no... så er dei her hos meg.. 
Eg LOVA å ta godt var på dei, 
behandle dei like fint som eg bahandla mine andre skatter... 
og gi dei akkurat den omsorga dei treng! :) 
Easypeasy :) YaY!!! 
 
 
Sendingen er ankommet terminal og blir videresendt
14.01.2011 07:57, 6025 ÅLESUND



Ellers så driv eg for fullt og testar ut naturliglys forholda i studio, og det ser virkelig lovande ut! Og enda bedre blir det jo no, når eit fullformatkamera kjem i hus, da kan eg få litt meir hjelp fra ISO`n! ;) Nye bakgrunner er snart på plass, og eg håper eg skal få ein god arbeidsflyt i studio når alt er på G! 

Det er veldig koselig med lite og personlig studio, men av og til skulle eg ønske eg hadde UBegrensa med plass, for det er maange rekvisitter, bakgrunner, gulv, fotoutstyr m.m som krev sin plass... så da det gjelder det å finne dei SMARTE løsningane. Det blir ein del prøving og feiling underveis, for å seie det sånn ;) Men eg storkosa meg medan eg styrar på... og har ikkje ein einaste kjedelig dag på jobb! 

Fabulous!!

Ha ein strålande fredag, og god helg til alle sammen!

 

tirsdag 4. januar 2011

Studioblitzer til salgs!

Sjekk ut min annonse på



Eg skal ikkje pakke sakene mine og legge ned altså...
Berre "fornye meg" litt ;)

Skule og barnehage...

I morga er det altså oppstart både i barnhagen og på ungdomsskulen... 
Tuva og Marie blir nok rimelig i ekstase i morga tidleg, 
når dei forstår at dei skal i barnehagen igjen!!! :) 
Ingen tvil om at dei stortrives der, 
og det forstår eg igrunn veldig godt! 
Det er ALDRI kjedelig i barnehagen!! :)


Marie stortuta 
då eg pakka ned alle kleda i plastposar for å ta dei med heim til juleferien. 
Eg er ganske sikker på at ho då trudde at ho ALDRI skulle tilbake igjen.... 
og var lite happy for det! :) hihi..
Det blir gullegodt for jentene å få kome tilbake til alle dei kjekke leikekameratane 
og dei spennande leikene igjen, 
og sist men ikkje minst 
alle dei snille og gode barnehagetantene


Eg er litt meir i tvil om eldsta er like glad for å skulle stå opp kl 0645, 
og være klar til siste innspurt på ungdomsskulen...
og det er faktisk siste innspurt!! 
Om 6 mnd, er ho ferdig... DET er sprøtt det!!

Eg huska godt kor voksen eg følte meg når eg drog ut i "den store vide verden" (eh...Stranda)
... som 15-16 åring... for å begynne på idrettslinja...
var jo på ingen måte voksen, men det var virkelig ei ny epoke i livet!

 HELDIGVIS så blir Caroline heime ei stund til...   
gollj
Kjekt for oss, og ikkje minst småsøstrene!! ;)

lørdag 1. januar 2011

2011... og eg er klar!!! :)

Det er fryktelig godt med ferie, 
men jaggu er det godt med kvardag òg!! :)
4.januar åpnar barnehagen igjen, og eg er klar som aldri før!!

Eg gledar meg slik
til å treffe "gamle" og nye kundar igjen, 
kosemose masse herlige bebisser,
ha mange gode samtaler med koselige foreldre,
lære nye ting KVAR einaste dag,
få studioet mitt 100 % ferdig ;)
og teste mykje nytt utstyr som er bestilt!!! :D
......
Eg er gira på å jobbe knallhardt, 
for å bli bedre og bedre for kvar dag som går 
og for å kunne gi kundane mine meir enn dei forventa!

Eg håpar på at det blir babyboom på Sunnmøre, 
slik eg får møte mange fleire nykomlinga i 2011!
 Eg håpar også på at mange av dei som har vore til nyfødtfotografering,
vil ta turen tilbake til meg... 
det vil jo vere fantastisk kjekt å kunne få fotografere dei enda en gong... 
og kven veit, 
kanskje sjåast vi til konfirmasjonsfotografering om 14-15 år!! 
 Hihi :) Har ikkje tenkt å gi meg med det første mao ;)


Tusen takk for alle dei koselige kommentarane eg har fått sidan eg starta bloggen min, 
dei set eg utruleg stor pris på!! 
Og ikkje minst... 
alle dei fine helsingane eg fekk ved inngangen til 2011!

 
 Gode klem til dej frå mej...



torsdag 30. desember 2010

Godt Nytt År!!!

Eg vil så gjerne få 
 takke...
alle mine herlige kjende og kjære, 
flotte nye og gamle venna, 
tålmodige bloggfølgera,
nydelige kundar, 
pålitelige leverandørar 
og  gode samarbeidspartnera,
for eit fantastisk, spennande, 
kjekt og innholdsrikt 2010!

ÅR 2011 
trur eg vil bli, 
om mulig, 
eit like spennande og innholdsrikt år, 
og eg gleda meg villt!!! 

Håper vi sjåast både i og utanfor studio! ;) 



GODT NYTT ÅR ALLE SAMMEN!!





tirsdag 30. november 2010

Brrrr....

... når det er 3 gongar kaldare ute enn inne i kjøleskapet mitt... 
då får eg aller mest lyst til å krype inn under dyna igjen, og bli liggande der til våren kjem...
Eg veit at nokon kanskje tenker at...essa kva er vel det?? 
Her er det like kaldt som i frysaren !!
...
...ja då hadde eg nok ikkje vurdert å stå opp ein gong...
...
Det var dagens usakligheter frå meg til deg :)

Heldigvis så har eg verdens beste jobb... som held meg varm i både kropp og sjel ;) 

søndag 28. november 2010

Heldig vinner

Eg vart den heldige vinner av Anine sin giveaway her om dagen!! 
Ja eg... eg som ALDRI vinn noko??? Veldig kjekt!! :) 
TUSEN TUSEN TAKK!
Eg har fulgt bloggen til Anine, Hverdagen med og uten autisme , ei god stund no. 
Egentlig heilt sidan det vart konstatert at Tuva vår også fell godt innan for Autismespekteret.  
Eg har også vore så heldig å fått helse på Anine, 
i forbindelse med eit kurs på Barnehabiliteringa i Ålesund.
Eg har følelsen av at dette er ei STERK dame, 
som står på og kjemper for alle rundt seg... 
og gir seg ikkje før rett er rett! 

Det er rart kor ein gjer seg opp meiningar om folk... 
som ein kanskje berre har møtt ein gong, 
men ein føler ein kjenner dei fordi ein leser bloggen deres!
Pussig denne bloggverdenen ;o)

Anine har ein informativ og koselig blogg
som eg oppfordrer fleire til å besøke!
Autismekvardagen er ingen spøk, 
og til fleire som kjenner til den... til bedre er det!!

Trur eg vil linke til enda ein "Autismeblogg" når eg først er i gang... 
Denne er også ein fantastisk blogg som er verdt eit besøk!!


Igår låg det ein svært hyggelig overraskelse i postkassa mi! :)
Gaven fra Anine, ei skilt med eit meiningsfullt ordtak på!!

Dette ordtaket trur eg kvart einaste menneske i heile verda kan ta til seg, 
og burde gjere det!!! 
Eg skal i alle fall henge dette skiltet godt synlig, 
slik vi blir minnet på det kvar einaste dag! ;)

to the world
you may be one person
but to one person you
may be the world

*sammen er vi sterke*


Ønsker alle ein strålande 1.søndag i advent

fredag 26. november 2010

Still here....

joda ... eg er fortsatt her... såvidt ;)
Kvardagen er smekkafull med ulike gjeremål... 
både på privaten og på studiofronten. 
Ei HEKTISK tid kan man seie... ;) 

Eg har hatt maaange herlige kunder i studioet den siste tida, 
det er fullt kjør med bestillinger og mange som vil sikre seg årets julegåver! 
SÅ GØY!! :)

Ikkje mange orda fra meg i dag, men eit aldri så lite livstegn...

Related Posts with Thumbnails