søndag 30. mai 2010

Ei fantastisk veke...

Det har vore ei fantastisk veke, rett og slett! 
Innholdsrik både på heimefronten og på studiofronten!
Vi har hatt besøk av våre spreke og snilde "bestissa/oldissa" inna Stranda. 
Medan Stian har hatt siste innspurt med eksamen på skule og eg har hatt mange kunder i studio... 
har Sølvi & Oddvar holdt fortet her heime! Tusen takk for hjelpa nok ein gong! ;)

Her heime har det vore gode dager den siste tida, alle er friske, raske og i godt humør! 
Det gjer godt etter ei lang sjukdomsperiode etter nyttår! 
Marie er superaktiv for tida, røyser seg opp over alt og er sååå stolt når ho klarer å stå heilt oppreist! 
Litt knall og fall blir det, men ho tåler ein trøkk denne jenta :D
Tuva har hatt ei god veke både heime og i barnehagen. 
Dei rapporterer tilbake fra bhg at ho har vore meir kontaktsøkande ann vanleg,
og at ho "produserer" meir og meir lyd. For dei som ikkje kjenner til Tuva, så kan det kanskje vere greit å nevne at ho har eit meget sjeldent syndrom som heiter Coffin-Siris Syndrom. 
Ho har ikkje hatt noko språk fram til no, men har så vidt begynt å seie Hei! og Ja! .... sånn no og då :o)
Den minste lisje framgang gir i alle fall mykje glede i heimen og i barnehagen! :)
Caroline, eldsta mi, er ferdig med årets tentamen, og er heilt tydelig happy for det! 
Det nærmer seg slutten av 9.klasse... det er sprøtt og tenke på!! :)
Min bedre halvdel er no ferdig på skulen og har tatt FERIE!!!!! Herlig å "få han tilbake" ;)

Nok om heime situasjonen...

I Lykkeliten Studio skjer det stadig nye saker.
Denne veka har eg hatt besøk av babyer, barn, hunder, mødre og fedre, utdrikningslag 
og sist men ikkje minst ei fantastisk tøff dame!! 

Ho har altså vore min aktmodell, og det var utruleg kjekt og utfordrande!! 
Heldigvis så fekk eg lov å dele nokre av bilda med dere der ute...




Mandag skal eg inn til Stranda, for å fotografere to nyfødtlinger!! 
Gleda meg!! :)

Ha ein fin søndag alle sammen :)

10 kommentarer:

  1. For noken fantastiske aktbilder..du e fantastisk flink søs..og flinke modell ho dama :) Kjekt du/dokke he hatt ei so flotte veke..det fortjena dokke alle Goklem frå søs :) <3

    SvarSlett
  2. de aktbildene ble jo bare RÅLEKRE!!! :)

    SvarSlett
  3. Wow, så nydelig!! :-)

    Håper du får en fin kveld!
    Klem J

    SvarSlett
  4. *stående applaus* Du gjorde en knalljobb på strak arm!! Tenk at dette er din første aktfotografering!!! Du er kjempeflink...punktum!:-)

    SvarSlett
  5. Kopierer bare Siljes kommentar, jeg. Bøyer meg i støvet. Sånn skikkelig, altså!

    SvarSlett
  6. Har ikke noe annet å si en WOW WOW WOW Cecilie du er bare helt rå!!!!!!!!!! Klem fra Camilla :))))

    SvarSlett
  7. Kjempeflotte bilder, vennen! Skjønner at du har mykje å gjere om dagen, men regner med du storkoser deg!!!

    Klemmer

    SvarSlett
  8. Og vi har koset oss med barna og Cecilie og Stian. Takk for hjelpen med bildene Cecilie. Du er så kreativ og flink.

    SvarSlett
  9. Sinnsjukt vakre aktbilder Cecilie, så dyktig du er! Lykke til med alle oppdraga framover, virka som om du storkosa deg! :o)
    Kjekt å høre om utviklinga til minstetausene ògså! Helse Stian fra meg, er vel endelig ferie på studenten no!
    klem klem ♥ ♥ ♥

    SvarSlett
  10. flinkesen må e sei;)grasiøse bilde!
    godt å høyre om utviklinga til Tuva,for ei glede;)))
    rekna med du sitt å redigera...
    kjekt at du he fått en sånn knallstart!
    klem

    SvarSlett

Related Posts with Thumbnails