Det nærmer seg innflytting i mitt "nye" studio...
i løpet av neste veke skal eg vere på plass!
Vel 40 kvm boltringsplass, det er omtrent det dobbelte av det eg har hatt tidligere!
Gjett om det skal bli deilig!!!
Stian og eg har jobba litt på skift i det siste, ein heime med barna...
mens den andre jobba på i studio...
Nokre kveldar har vi også fått jobba i lag,
da vi er så heldige å ha verdens snillaste 15 åring i hus,
som stiller på som barnepasser :)
Caroline og venninna Ingeborg var også med ein kveld
og hjelpte meg med den største skitjobben av dei alle....
maling av paneltak!
Dei utførte jobben perfekt, dei sprudla rundt med kvar sin kost....
og fekk maling av paneltak til å virke morsomt?!!
Tidligare i veka kom panelplater på plass på veggane.
Den kvitamala peisveggen som hadde vorte gul med åra, vart igjen kvit :)
og idag har min kjære fått på nytt listverk....
og eg har fått mala litt her og der +++
I morga trur eg det blir den siste maledagen på ei stund...
håper eg i alle fall;)
Mandag kjem arbeidskarane fra kommuna tilbake for å fikse døra inn til studio,
og forhåpentligvis kjem elektrikaren slik eg får straum igjen!
Berre småpjask som står att no! :)
Oh`JOY!!!
Det kjem sjølvsagt bilder fra studio...etterkvart... ;)
...ellers så hadde eg kanskje min "lettaste" nyfødtfotografering ever på fredag...
denne lisje guten sov så søtt nesten heile tida...
ein draum å jobbe med!!
uups...klokka er langt over leggetid for min del...
snart våkna småtrolla mine igjen, best å pitle seg i seng ;)
Natta folkens