søndag 28. august 2011

Nyfødtfotografering | Naturlig lys | Ulsteinvik

Det er ikkje kvar dag eg har besøk fra Valdres i studio, men det har eg altså hatt! 
Ein fersk liten søt gut, som sov så søtt at det nesten ikkje går an ;)

Nok ein fantastisk dag i studio,
eg ELSKAR jobben min!
Kan ikkje få sagt det nok!

Skulle gjerne hatt enda fleire nyfødtlinger i studio, 
for det er virkelig noko heilt spesielt!! 
Dei første 14 dagane er babyene noko heilt for seg sjølv, den roa dei utstråler... 
den trur eg ein ALDRI vil sjå igjen!! 
Så husk å nyt desse dagane til det fulle, 
og kanskje skulle du tatt ein tur til fotografen i ditt nærområde??? 
MINNER MINNER MINNER,
det er gull verdt! 
Heilt objektivt sett altså ;)









fredag 26. august 2011

Barnefotografering | Naturlig lys | Studio

Sidan eg får mange spørsmål om eg kun tar bilder av de aller minste, 
så tenkte eg det kunne vere greit å vise nokre bilder av de litt større barna også. 
Eg tar altså bilder av mennesker i alle aldre, 
så du må aldri nøle med å kontakte meg ang fotografering. 
Eg tar på meg de aller fleste type oppdrag, med glede og entusiasme!  

Denne sjarmøren kom for 3 års fotografering, 
han hadde også med seg to kjekke storesøstre,
dei ville han sjølvsagt ha med på nokre av bilda.
Ingen tvil om at han digga storesøstrene sine, forståelig nok ;)








God helg til deg & dine! :)



onsdag 24. august 2011

Marie 2 år



Lisja vår har bursdag idag, og fyller 2 år!!! 



Tusen takk for at du gjer livet vårt til eit eventyr, Marie! :)
Det går ikkje ein dag utan at du finn på noko sprell.
Du er høgt og lavt heile tida og babler i vei på ditt eget flotte språk.



Du har 1000 utrykk i løpet av få tima, 
du er lur, lei, glad, sint, emosjonell, dådyrsøt, fantete, fornærma ....
og ALLTID (i alle fall nesten...;) like KNUSEDEILIG!!!



Du er kun 2 år, 
likevel har du gitt oss så fantastisk mykje glede 
og mange forskjellige opplevelsa i kvardagen.

Fortsetter du i dette tempoet, vil du nå langt lille venn.... 
du er herlig utforskande og nysgjerrig, du har temperament og vilje, 
du er glad i kos og du viser at du er glad i dei som er rundt deg!







Veldig gla i dej,
♕♕ prinsessa vår ♕♕




fredag 8. juli 2011

Barnefotografering | Naturlig lys | Studio | Ferie

Snart er det ferietid for meg, og for Lykkeliten Studio. 
Det blir ingen langturer på familien, men forhåpentligvis nokre små! :)
Om du ikkje får kontakt med meg med det samme du prøver, 
så er det nok fordi eg har 2 småjenter som helde seg godt fast og vil ha masse kos, 
kanskje til og med storejenta treng litt kvalitetstid med mamsen? :) 

Mamma er i feriemodus... om 2 dager!



Som sagt så skal vi ikkje langt av sted, 
så ikkje ver redd for å ta kontakt om du vil hente dine bilder,
eller vi booke tid til fotografering.
Eg vil svare deg, så fort eg har ei hand ledig ;)


GOD SOMMAR, 
TIL ALLE MINE VENNER!
☀☀☀

fredag 24. juni 2011

Lykkeliten Studio | Regionavisa | Bryllupsfotografering

Under ei veke etter at ein av Regionavisa sine medarbeidere googla,
fotograf i Ulsteinvik, 
og slik fant fram til Lykkeliten Studio, har saker skjedd i rekordfart! 
Eg hadde aldri trudd at det skulle vere slik stor interesse for det eg driver med!
Dei likte så godt konseptet og det dei såg og hørte, 
at dei like så godt gav studioet både 
framside + 3 heilsider inne i avisa! 
Heilt fantastisk! :)


Eg var ganske nervøs før avisa kom ut på onsdag, 
er ikkje akkurat vant med slik publisitet!
Denne reportasjon kom altså på trykk, 
med blanda følelsar frå mi side ;)
No når avisa er ute, og tilbakemeldingane tikkar inn... 
er eg berre veldig glad og takknemlig!
Alle dei gode orda, 
gjer det verdt å stikke nasen fram av og til!

TUSEN TUSEN TAKK,
for alle dei flotte tilbakemeldingane!

I helga blir det bryllupsfotografering, bl.a på vakre Herøy Gard!
Som alltid gledar eg meg, men er også veldig spent! :)

God helg til deg og dine!  

♥♥♥♥
 

søndag 12. juni 2011

Bryllupsfotografering | Ulsteinvik

Omsider så kjem det eit nytt blogginnlegg fra denne fronten også... 
Ingen tvil om at eg er ein ekte  
periodeblogger!!! :)

Når det pågår litt for mykje på alle kanter på ein gong, 
resulterer det i lite blogging tydeligvis...
sjølv om det burde vere omvendt! 
Det er jo da eg har mykje å fortelle og vise mine kjære bloggfølgere! ;)

Den siste tida har det vore mykje fokus på bryllupsfotografering.
Ingen tvil om at ein må ha is i magen, for å drive med denne type fotografering!
Du får kun denne eine sjansen, til å ta dei perfekte bilda!!
Ein må ha full fokus på oppgava, og det er lite rom for feiling... 
Utfordringane står i kø... og dei dukker gjerne opp 
når du minst forventer (eller trenger) det!
Der er mange ukontrollerbare faktora 
som spelar ei stor rolle
som feks, det berømte været!

Eg var så "heldig" at eg fekk sol fra blå himmel denne dagen, 
kanskje ikkje akkurat fotografens drøm, men da må ein berre ta steget opp, og takle det!!! ;)

Brudeparet fekk i alle fall draumevèr på dagen sin, og det er jo tross alt det viktigaste! :)

Her er nokre av bilda fra min aller 1. bryllupsfotografering her heime i Ulsteinvik.



Fantastiske mennesker, både store og små!
Eg er utruleg takknemlig for at eg fekk æra av å forevige det skjønne paret!
♥ LYKKE TIL I FRAMTIDA ♥

tirsdag 10. mai 2011

Barnefotografering | Naturlig lys | Studio i Ulsteinvik

Nordic Light var fantastisk, 
ingen tvil om at dette blir ein festival ein må få med seg kvart einaste år!!
Etter å fått mykje påfyll både fagleg og sosialt i Kristiansund, 
var det også veldig godt å kome heim til sine kjære, 
og kvardagen i studio. 

Veka har starta med 1,5 års- og nyfødtfotografering, 
og som vanleg har eg storkosa meg! :) 





♥ ♥ ♥

Ønska alle sammen, ei fortsatt strålande veke!

tirsdag 3. mai 2011

Nyfødtfotografering | Naturlig lys | Nordic Light

NORDIC LIGHT, here we coooooome :)
I morga  blir det roadtrip saman med vakre og dyktige Ma Ortiz, 
Vi vender nasen vår nordover!
Kristiansund og Nordic Light er staden det skjer dei neste dagane!

Guuuud så vi gler oss :)

Ikkje berre til Nordic Light, men også til å treffe ein hjertelig familie, 
som eg savner så mykje!! 
Dei tilbyr meg overnatting, og det er eg superglad og takknemlig for!!

Festmiddag på Grand Hotell i morga kveld, 
før premieutdeling på Caroline Kino- og Konferansesenter.

Det blir mykje spennande å få med seg i dagane framover, 
og eg trur og håpar at det blir nokre innholds- og lærerike dagar.

Full av mot og inspirasjon skal eg i alle fall vere 
når vi vender nasen heimover til Sunnmøre igjen! ;)

Høge forventninger??? Neiiiiida, på ingen måte!! ;) 
Berre gleda mej ;)



Ei lita prinsesse, berre 12 dagar gamal... 
Sjølv om ho søv som ein stein her, 
var det med nød og neppe at vi fekk ho til å sove. 
Så lita... men allereie nysgjerrig på omverden!
Nok eit fantastisk lite under. 
♥♥♥

Related Posts with Thumbnails