Sidan den lille jenta som skulle kome i studio idag, vart sjuk...
så heiv eg meg rundt og tapetserte litt i staden!
No har eg fått laga meg 4 nye bakgrunner, som eg gledar meg til å teste ut!
I morga kjem dei ei trulte på 1,5 år, så det spørs om ikkje vi får testa litt då!
Forrige veke hadde eg bl.a. besøk av ei nydelig lita jente som var nesten 1 måned,
det er alltid like spennande om vi då får til den type nyfødtbilder som vi ønsker...
sidan dei ikkje søv like tungt som heilt i starten.
Mellom 2 og 10 dager er den perfekte alderen for nyfødtbilder!
Denne gangen hadde vi flaks og det gjekk bra,
og vi fekk tross alderen mange og varierte bilder.
Ha ei strålande og produktiv veke alle sammen!
....og når eg seier produktiv,
så tenker eg litt på jobbfronten, men aller mest på heimefronten
♥♥♥♥
"making babies"
p.s. det er aldri for tidlig å booke nyfødtfotografering,
ta gjerne kontakt allerede når du har terminen klar!